Landstreff 2023

Havsule på veg til reiret. Foto: Gunnar Wangen

Velkomne til landstreffet 2023 i havgapet på Runde

Biofoto Sunnmøre og Nordfjord inviterer til landstreff på Runde 2.-4. juni 2023.

Christineborg på Langeneset blir vertskap for landstreffet 2023 på Runde. Foto: Åge André Breivik

Landstreffet vert arrangert på Christineborg Gjestehus på Runde. 

Christineborg blir base for landstreffet når naturfotografar frå heile landet møtast på Runde i juni.

Her blir det informasjon om området og gode moglegheiter for fotografer til lands og til havs. 

Påmelding:

Christineborg tilbyr overnatting i enkeltrom, dobbeltrom eller i rom med inntil 5 sengeplassar, samt moderne hytter.

Pris for overnatting inkl. frukost varierer frå kr. 650,- til kr. 1270,- pr. person pr. natt avhengig av om du vil ha enkeltrom, dobbeltrom eller inntil 5 personar på rommet. Hyttene ligg på eit noko høgare prisnivå. Kontakt Christineborg på tlf. 700 85 950 eller 960 44 000, eller e-post post@christineborg.no for meir informasjon og bestilling. Meir informasjon finn du også på www.christineborg.no 

Påmelding til landstreffet innan 15. april gjer ein via nettskjema som blir distribuert til medlemmar og gjennom Biofoto sine digitale kanalar. Påmeldingsavgift kr. 500,- Denne vert ikkje refundert ved avmelding seinare enn påmeldingsfristen. 

Overnatting og festmiddag bestillast direkte med Christineborg. 

Det er også mogleg å finne alternativ overnatting på Goksøyr Camping 1,6 km frå Christineborg, for dei som kjem med bubil eller liknande.

Festmiddag (buffet) fredag kr 495,- Drikke kjem i tillegg. Behov for vegan- eller vegetarrett eller informasjon om allergiar takast opp med Christineborg ved bestilling.

Program:

Fredag

16:00 Oppmøte og innsjekk 

17:30 Felles samling på Christineborg Gjestehus

– Orientering frå styret. 

– Hallgeir B. Skjelstad viser bilde og orienterer om fugle- og dyreliv på Runde

– Påmelding til felles opplegg laurdag

20:00 Festmiddag 

Fotografering i sommerkvelden for dei som vil 

Laurdag

Frukost

09:00 til 12:00. Båttur rundt Runde med gode fotomoglegheiter (veratterhald) 

Alternativ til båttur:

09:00 og utover så lenge turfølget ønskjer. Fotografering i fjøra eller fottur til fyret og/eller Rundebranden

13:30 Runde Miljøsenter. Alv Ottar Folkestad: Fuglelivet på Runde og status for sjøfuglane i regionen og nordsjøområdet. Are Pilskog viser filmen «Havets sølv» og fortel om filmen og bakgrunnen for den

 

16:00 Middag 

17:00 Avreise til lundeura 

23:30 Nattmat

Søndag:
Frukost. Utsjekk og heimreise, fotografering etter eige ønske.

 

Med storhavet som nabo

Steinformasjonar, kystlandskap dyre- og fugleliv. På Runde er det noko å finne for ein kvar naturfotograf. 

– Eg har fleire favorittstader på øya, seier Gunnar Wangen. Han er leiar i Biofoto Sunnmøre og Nordfjord, og har vore ein flittig gjest på Runde sidan 1970-talet. 

– Det var nok på 1980-talet eg byrja reise til Runde med fotografering som hovudføremål. Eg er på mange turar til Runde kvar sesong, gjerne også utanfor fuglesesongen, seier han.

Wangen ser både etter fuglar, landskap og detaljar i fjøra når han besøker Runde. 

– Eg ventar stadig på å kunne ta det «beste» bildet, fortel han.

Fugleøya Runde ligg ytst i havgapet i Herøy kommune på Sunnmøre. Kvart år kjem tusenvis av turistar til øya for å oppleve kystlandskap på nært hald.

Sjølv om lundefuglen er det største trekkplasteret, vil også den som ikkje er fuglefotograf få mykje ut av eit besøk her. Under landstreffet held me hus på Christineborg på Langeneset. Den tidlegare leirskulestaden er opprusta og tek i mot naturfotografar frå heile landet til Landstreffet 2023. 

– Nytt tida til fotografering, men ikkje gløym det sosiale. Her er det mogleg å treffe likesinna. Om du ikkje er kjent på Runde er det berre å kople seg på ein av oss lokale, seier lokallagsleiaren.

Under landstreffet blir det lagt opp til fotoaktivitetar frå fjøresteinane til fjelltoppane. Er du interessert i steinformasjonar, mose og lyng? Oter, kobbe eller fugl? Den vesle øya rommar alt du måtte ønske. 

Utforskar kystlandskapet

– Er det vind er det sørvestspissen av øya som er mest interessant, seier Antje Meier. 

– Denne staden er lett å kome til, og gir gode fotomoglegheiter med bølgjer som bryt mot skarpe klipper, fortel ho.

Meier besøker gjerne øya heile året, og ser både etter nordlys, landskap og fuglar. Sjølv besøkte ho Runde då ho flytta til Sunnmøre i 2000, og har vore på øya fleire gonger i året etter det. 

– Er ein heldig kan ein sjå både havsule, ender og sel i fjøra på Runde, seier ho. 

I starten var det fuglane som drog merksemda frå Antje, men etter kvart har det skiftande lyset i kystlandskapet fått meir og meir merksemd. Slik endar ho også opp med abstrakta tolkingar av landskapet. 

– Utforsk fleire stader på øya, ikkje berre Lundeura, oppmodar Meier. For alle som kjem til landstreffet oppmodar ho om å sjå mest mogleg av naturen på og rundt øya. 

Lokkar med lunde

Børge Amundsen besøkte øya først etter han vart medlem i Biofoto i 2018. 

– Eg hadde nettopp blitt medlem, og starta med fotografering året før. Eg vart veldig overraska over at me hadde eit så rikt fugleliv så nær døra, seier han. 

Sjølv ser han ofte etter det spennande lyset som kan vere på Runde. Snø og sludd tidleg på året, det gule graset som lyser opp lundeura på våren. 

– Seinare i sesongen går sola ned bak øya og kastar skuggar i lundeura før solnedgang. Då kjem gjerne fuglane inn med fisk i nebbet. Då er sjølvsagt dei målet, fortel Amundsen.

Til dei som besøker lundeura har han nokre tips. 

– Legg att stativ og monopod heime. Følg med på korleis fuglane sirklar rundt fjellet, og studer kva for nokre som landar nær deg. Prioriter desse, og få gode fluktbilde, seier Amundsen.