
Ni deltakarar møtte opp ved Mobekken utfartsparkering innerst i Maridalen i starten av juli. Målet for turen var å fotografere blåpraktvannymfer og andre insekt som held til langs Movassbekken – elva som renn frå Movann og ned i Dausjøen.
Blåpraktvannymfe er vår aller største vannymfe – ein type augestikkar. Særleg hannane har ein slåande utsjånad med metallisk blå kropp og vinger. Dei har også ei karakteristisk, flagrandande flukt som kan minne om ein sommarfugl. Hoene har meir metallisk grøn kropp og brunaktige vinger. Arten har også eit eit spanande atferdsmessig repertoar. Leveområdet er reine, sakterennande bekkar og små elvar med sand- eller grusbotn.
Movassbekken er ein idyllisk, akkurat passe stor bekk som slyngjer seg gjennom frodig vegetasjon, med parti av sand og grus – akkurat slik blåpraktvannymfene vil ha det.


Vi brukte mest tid ved ein badeplass midt inne i skogen. Her var det ei fin, skuggefull sandstrand og masse blåpraktvannymfer som dansa i sola i vegetasjonen på den andre sida av kulpen. Vi fann fort ut at den enklaste måten å komme inn på motivene var å vasse berrføtt rundt i kulpen. Vi såg også den flotte kongelibellen ved fleire lokaliteter – patruljerande langs bekken på jakt etter mat eller make.
Etter ein hyggjeleg lunsj ved p-plassen valgte 4 stk å avslutte turen. 5 av oss vandra videre langs stien og elva ned mot Dausjøen. Langs bekken fann vi nokre veldig fine lokalitetar og bildebrikkene vart fylt opp med utallige variantar av blåskimrande vannymfer i alle moglege situasjonar – sittande, dansande, badande og parande.
Då dei siste av oss vende heimover var klokka nær 16.30. Det hadde vore ein hyggjeleg og spanande tur langs ein idyllisk og frodig Movassbekk. Og fleire fekk sitt aller fyrste møte med den praktfulle blåpraktvannymfa.
Tekst: Rine Grue Carlsen


