BF Sunnmøre og Nordfjord – medlemsmøte 8. april kl. 19.00

"Vinterens kontraster - skjønnheten i det brutale"

Tobias Gjerde vil halde foredrag med tittelen “Vinterens kontraster – skjønnheten i det brutale”. Tobias er ein ung naturfotograf fødd i 2003 som har vore dedikert til naturfotografi i meir enn ti år. Han brukar store deler av fritida si til fotografering, og utforskar originale og kreative tilnærmingar til å fotografere vanlege ville artar. Dette facinerer han like mykje som å oppleve sjeldne og eksklusive artar i søkaren. Han har allereie vunne ei rekke prisar i inn- og utland.

Stjørdal foto vil også vere til stades i møtet, der Borgar Tessem vil svare på spørsmål og samtale om dei fleste aktuelle kameramerke.

Vi ser gjennom og diskuterer bilda som har fått flest poeng i månadskonkurransen som denne gongen har temaet “Vårteikn”.
Det vert også ein pause med kaffi og fotoprat.

Møtet er gratis for medlemer, potensielt nye medlemer og andre interesserte. Dette er ei sjeldan mulegheit til å få møte og oppleve Tobias Gjerde lokalt. Vel møtt!

More from Njål Aklestad
BioFoto Sunnmøre og Nordfjord
Lokallaget for Biofoto Sunnmøre og Nordfjord blei etablert 23. november 2016 og...
Les mer
0 replies on “BF Sunnmøre og Nordfjord – medlemsmøte 8. april kl. 19.00”