Tobias Gjerde vil halde foredrag med tittelen “Vinterens kontraster – skjønnheten i det brutale”. Tobias er ein ung naturfotograf fødd i 2003 som har vore dedikert til naturfotografi i meir enn ti år. Han brukar store deler av fritida si til fotografering, og utforskar originale og kreative tilnærmingar til å fotografere vanlege ville artar. Dette facinerer han like mykje som å oppleve sjeldne og eksklusive artar i søkaren. Han har allereie vunne ei rekke prisar i inn- og utland.
Stjørdal foto vil også vere til stades i møtet, der Borgar Tessem vil svare på spørsmål og samtale om dei fleste aktuelle kameramerke.