Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

Østlandet: Orkide- og insekttur til Slåttemyra – 5. juli

juli 5 - kl.10:30 - 16:30 CEST
Myrflangre

Bli med til Slåttemyra Naturreservat i Nittedal kommune. Her finn vi usedvanleg mange ulike artar, spesielt orkidear. Den mest kjende orkideen her er er den flotte myrflangra. I tillegg kan ein finne mange ulike insekt her.

Vi møtast ved Movatn stasjon sundag 5. juli kl 10.30. Det gjeng tog frå Oslo S kl 10.04 (R31 Gjøvik), men sjekk gjerne tida når datoen nærmar seg. Det er nokre få parkeringsplassar ved stasjonen, men dei kan fort væra opptatt. Det er ca 2,2 km å gå til Slåttemyra frå Movatn Stasjon – mest grusveg og litt sti på slutten.

Ta med mat og drikke. Det er lurt med eit lite sitteunderlag både til pause og fotografering. Det kan væra vått på myra, så bruk passande fottøy.

Turleder er Rine G. Carlsen, mobil 90 65 33 58

Velkommen til tur!

Marihånd

Detaljer

Sted

  • Slåttemyra
  • Norway

Arrangør

  • Rine G. Carlsen