På tur til Varanger – mars 2025

Arild Hareide og Paul Runnestø tar en pause i fjæreplytt fotograferingen. Foto: Eigil B. Jensen

I løpet av 5-6 dagar i den aller nordlegaste delen av landet skulle vi ta vinterbilder av fuglelivet på Hornøya, få avbilda eit knippe med praktfulle andefuglar, få hare i vinterpels og avleggje krykkjekolonien på Ekkerøy eit besøk.

Dei fleste av oss tok fly til Kirkenes og derfrå til Vadsø der vi møtte guiden vår for opphaldet – Bjarne Riesto. Etter å kjapt ha installert oss på Scandic hotell I Vadsø, fekk fyrste gruppe ein økt i Bjarnes flytande skjul. Dette var rett og slett er ein liten båt med overbygg og ymse kamuflasje. Båten hadde to motorar – ein bensinmotor til vanleg forflytning og ein liten el-motor til sakte, stille forflytning i nærleiken av fuglane. Bjarne styrte båten og haldt utkikk, medan fotografane – som det berre var plass til to av gongen av – forsøkte å halde fokus på tross av bølgene. Den flotte praktærfuglen hadde ikkje blitt sett i området på ei god stund – heller ikkje vi såg noko til denne. Vi fekk fine opplevingar med haveller, men elles var utbyttet litt magert denne fyrste dagen.

Arild Hareide fotograferer fjæreplytt på Ekerøy. Foto: Eigil B. Jensen
Fjæreplytt, Ekerøy. Foto: Eigil B. Jensen

Krykkjer og fjæreplytt på Ekkerøy

Dag to starta med harefotografering på Vadsøya – 10 min gange frå hotellet vårt – frå 05.30 og nokre timar framover. Vi såg ein del harar i terrenget, men det var vanskeleg å finne dei før vi støkka dei og dei sprang eit stykke unna før dei satte seg for å iakta oss igjen. 

Ut på formiddagen køyrde vi til Ekkerøy for å fotografere krykkjer og landskap. Det var mykje vind og til tider snø, noko som gjorde fokuseringa utfordrande. Det vart likevel nok av krykkjebilder. Motivet som etter kvart framstod som mest interessant var dei hardføre fjæreplyttane som dreiv med matauk bland stein og tang i fjæra medan bølgene slo inn over og rundt dei.

Toppskarv. Hornøya. Foto: Eigil B. Jensen
Lomvi inn for landing på Hornøya. Foto: Eigil B. Jensen

Fuglesvermar på Hornøya

Dei neste tre dagane var det Hornøya som stod i fokus. Vi skulle opprinneleg ha overnatta på fyret på øya, men ein vinterstorm hadde øydelagt strømkabelen, så da var det ikkje mogleg å bu der. Løysinga vart å køyre bil mellom Vadsø og Vardø og ta båt fram og tilbake til øya kvar dag. 

Fyrste dag på Hornøya gjekk med til å forsøke å finne flest mogleg ulike måtar å fotografere toppskarv på. Skarvane er fotogene dyr med mykje artig åtferd knytt til parbinding og territoriehevding. Utanom skarven var det berre ein liten krykkjekoloni og spreidd forekomst av måker som haldt til på øya. Og så alle lomviane og alkene da – som flaug rundt øya i digre svermar utan å sette seg. Med kvar sverm fylgde det eit øredøvande bråk av skvalder og vengeslag. Og ikkje minst små, men illeluktande førekomstar av avføring – som regna ned frå lufta. Desse fuglane heldt til ute på havet i vinterhalvåret og trekker inn mot hekkestadane – som til dømes Hornøya – omtrent på denne tida. 

Andre dag såg vi enda større flokkar med alkefugl. Og så byrja dei å sette seg i fjellet. Enorme svermar med lomvi, alke og litt færre lundefuglar sverma rundt og rundt øya, medan fuglane ein etter ein falt ut av svermen og fann seg ein ståplass i den hurtig voksande flokken i fuglefjellet. Eit mektig syn! Etter 1-2 timar hadde den svermande flokken minska betydeleg og mengda med fugl i fuglefjellet est ut til å dekke alle tilgjengelege flater. Det rare er at alkefuglane, i alle fall på denne tida av året, forlet fuglefjellet ut på kvelden og tilbringer natta ut på havet. Så om natta sto fjellet igjen heilt tomt.

Neste dag gjentok skodespelet med sverminga og fyllinga av fuglefjellet seg, men litt kjappare og meir effektivt enn gårsdagen. Denne dagen var det mykje fokus på å finne slåssande lunder og alker. Det var meir eksperimentering med lange lukkartider og panorering. Og sjølvsagt fleire rare nærbilde av skarv.

Praktærfugl, Vadsø havn. Foto: Eigil B. Jensen
Havelle i farta, Vadsø havn. Foto: Eigil B. Jensen

Praktærfugl, stellerand og havelle i Vadsø havn

Siste dag gjorde vi nok eit forsøk på å finne staselege andefuglar i hamneområdet til Vadsø frå det flytande skjulet. Og denne gongen var vi heldige. Etter ein fin fotosesjon med stellerand var vi i ferd med å vende snuta heim da vi endeleg spotta praktærfuglen. Turen vart forlenga og vi endte (vel?) alle opp med gode bilde av både praktærfugl, ærfugl, stellerand og havelle.

Middagen vart inntatt på den lokale restauranten Mølla kvar kveld, og vi rakk å smake oss gjennom det meste av ein smakfull meny. 

Alt i alt var dette ein spanande og hyggjeleg tur som det fristar å gjenta.

Tags from the story
, , ,
0 replies on “På tur til Varanger – mars 2025”