Lokallaget for Biofoto Sunnmøre og Nordfjord blei etablert 23. november 2016 og har i dag vel 50 betalande medlemar. I periodene januar-april og september-desember har vi faste medlemsmøter med innhaldsrike foredrag og tema-baserte fotokonkurransar. Vi møtes som regel den fyrste onsdagen i månaden i Stormyra 3 i Volda sentrum, der møta startar kl 19.00 og varer som regel til rundt 21.30. Alle er hjerteleg velkomne til å delta på medlemsmøta, og skulle du kjenne nokon som er interessert i natur og foto er det lov å ta med seg fleire.
Utflukter og fototurar
I tillegg til faste medlemsmøter prøver vi å møtast gjennom felles fototurar, både dagsturar og lengre turar med overnatting. Ta gjerne kontakt med oss om du ynskjer å høyre meir om kva vi styrer med.
Her ser vi gjengen som styrer BioFoto Sunnmøre og Nordfjord.
Frå venstre: Børge Amundsen, Åge Andre Breivik, Ståle Hansen, Geir Høydalsvik, Gunnar Wangen, Njål Aklestad og Jonn Gunnar Bjørkedal.
Bli medlem