|
Invitasjon til kurs i Lightroom Etter mange oppfordringar er det med stor glede at Biofoto avd. Sunnmøre kan invitere til kurs i Lightroom laurdag 19. september 2009 kl 09.45 - 16.00. Kursinstruktør er leiar i Biofoto, Kai Jensen som har brei erfaring i bruk av programmet og som kursinstruktør. Stad Røde Kors-huset, Strandgata 21,Ørsta Pris Kr 1.450 inkl lunsj og kompendium. Ordinær pris er kr 2.300, så ved å delta her sparer du reisa til Oslo i tillegg får du altså Biofoto-rabatt på kr 850. Kven passar kurset for? Kurset passar for alle som jobbar med digitale bilde. Både amatørar og profesjonelle vil ha stor nytte av ein praktisk gjennomgang av Lightroom sine mange funksjonar. Det er ikkje krav om forkunnskapar, men det er ein fordel om ein har jobba med data frå før. Alle deltakarane tek med eigen pc/mac. Hugs å laste ned siste versjon av Lightroom. Dersom du ikkje har Lightroom frå før, så kan du laste ned ein gratis 30 dagars prøveversjon frå Adobe.
Påmelding Dersom du allereie no veit at dette er kurset for meg, så nøl ikkje med å sende påmelding til geir@hoydalsvik.no no. Bruk denne unike muligheita til å møte ein dyktig instruktør på kanskje eit av dei viktigaste programma du som fotograf kjem til å bruke. NB! Dersom du veit at du ikkje kan/vil delta på dette kurset, så gi tilbakemelding om dette også til geir@hoydalsvik.no. Vel møtt til årets viktigaste fotokurs.
Beste helsing Biofoto avd. Sunnmøre Geir Høydalsvik leiar
Lagt ut av John Sandøy 06.09.09
|